onsdag 23. juni 2010

Kongen som måtte ut å hente melk. Forfattar: Tora Marie Nordberg. Kagge forlag

Dette er ei søt lita pekebok med tjukke "plasta" sider av kartong. Det flotte med denne boka er at ho er noko meir enn berre ei rein pekebok, den har ein liten tekst på kvar side. Denne teksten skaper ei fin lita forteljing om då kongen oppdaga at det var tomt for mjølk til frukosten sin. Vi høyrer vidare kva som skjer då kongen skaffar seg mjølk. Vi får vere i lag med kongen frå frukost til leggjetid.
Det som gjer boka så levande er at vi får direkte tale frå kongen og dronninga 4 gonger i løpet av boka.

Teikningane av kongen, slottet og kongsgården er veldig truverdige, og vi ser og skjønnar fort at det er vår egen Kong Harald V det er snakk om. Flotte illustrasjoner og fin fargebruk. Elevar som nyleg har lært seg å lese dei små bokstavane greier/kan prøve å lese boka sjølv.
Boka er utprøvd som høgtlesing til 1. klasse, og der passa den fint. Vi avslutta med ein samtale omkring kongen og kongehuset, samt kor mjølka kjem i frå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar